Våre medarbeidarar

.

Aleksander Zahl Tarberg

Dagleg leiar

Aleksander er dagleg leiar og medeigar i bedrifta. Han har har ingeniørutdanning frå Universitetet i Bergen, og har samstundes med jobb teke master ved Høgskulen i Volda. Aleksander har ingeniørkompetanse, gjennomført studiefag innanfor kartarbeid, arkitektur og estetikk, reguleringsplanarbeid, vegplanlegging, byggesøknader, PBL, TEK10 og SAK10. Han har 6 års erfaring frå offentleg sektor / forvaltning som byggesaksbehandlar og arealplanleggar for Herøy kommune, og 4 års erfaring frå anleggsbransjen som tilsett i B.Tarberg AS før det. 

Bjarne Rasmus Tarberg

Fagleg leiar

Bjarne er styreleiar og grunnleggar av B.Tarberg AS. Han har arbeidd i anleggsbransjen heile sitt vaksne liv. Bjarne starta B.Tarberg AS, og var dagleg leiar fram til 2016, då eldste sonen Aleksander tok over.

Han køyrer lastebil, gravemaskin, knuser stein, og er skytebas. Bjarne følger opp, og kvalitetsikrer prosjekta til føretaket.

Kristoffer Tarberg

Fagleiar oppmåling og utstikking, VA/rørarbeid

Kristoffer er fagleiar oppmålingsteknisk, GPS- og utstikksansvarleg vatn og avløp, fagleiar for rørarbeid, og fiksar det som fiksast kan av maskiner. Han har vidaregåande utdanning i arbeidsmaskiner frå Ørsta vgs, samt kurs og kompetanse innanfor bruk av GPS og innmåling, og utstikking av tiltak i terrenget. Vidare har han gjennomført ADK1-kurs for rørlegging, VA og rørarbeid, sertifiseringskurs elektrosveis, sveissertifiserting og legging av vatn- og avløpsledningar. 


Han har jobba i B.Tarberg AS sidan 2008.

Kåre Seljeseth

Gravemaskinsjåfør

Kåre starta å arbeide for Bjarne allereide i 1986, året før B.Tarberg AS såg dagens lys. Han hadde då akkurat flytta frå Nordfjordeid til Gursken. Han har vore ansatt sidan! Kjent for sin presisjon med gravemaskina! På fritida vil han helst køyre longe turar med motorsykkelen sin.

Terje Andrè Yksnøy

Lastebilsjåfør

Terje er fast sjåfør på vår Scania-lastebil. Ein påliteleg og triveleg kar som leverer raskt heim til deg ved behov. Terje har jobba i bedrifta sidan 2009, og er lidenskapleg oppteken av lastebilen og sørger for rask og presis levering. Han starta karriera si som yrkessjåfør i 1994.

Martin Moltu

Hjelpemann

Martin har vore hjelpemann i bedrifta sidan 2017. Han er no utdanna maskinist, og jobber hos oss når han er heime. Han køyre plogen på vinteren, sveiser og mekker. Ein dyktig kar som fiksar alt! 

Isabell Remøy

Kontormedarbeidar

Isabell tok bachelor i eksportmarkedsføring på Høgskolen i Ålesund i 2011. Ho har tidlegare jobba som innkjøpar, og starta her i 2018. Ho sit på kontoret i Sandvika og er kontormedarbeidar i bedrifta. Ho hjelper deg med spørsmål om alt frå tomter til levering av masser. 

Heidi Lid

Gravemaskinsjåfør

Heidi starta eigentleg på utdanning som sjukepleiar, men fann ut at ho heller ville gå i faren sine fotspor, og fann plassen sin i gravemaskina! Ho køyre også lastebil. Ho flytta til Fonavåg frå Lid, og har jobba med gravemaskina sidan 2011. 

Kai Erik Kvalsund

Gravemaskinsjåfør

Kai Erik køyre både lastebil, hjullaster, gravemaskin og dumper. På skule gjekk han anleggslinja, og fortsatte med transportfag. Han kjaure longtransport i 8 år, før han starta med gravemaskin i 2014. Kai Erik starta hos B.Tarberg i 2018. Spesialist på mur! 

Torgeir Hide

Hjelpemann

Vår hjelpemann, Torgeir, har jobba her sidan 2020. Før det kjaure han longtransport. Han køyre dumper og hjullaster. Torgeir er ein veldig påliteleg og flink medarbeidar med god ordensans!